Skreddarsydde løysningar & godt handtverk

Med stort fokus på kvalitet og nøyaktigheit leverer vi ventilasjonsinstasllasjonar og tradisjonelt blikkenslagerarbeid til eit bredt utval av kundar i Indre Nordfjord. Vi bistår med alt frå små produksjonar av beslag til større arbeid på nybygg/rehabilitering knytt til ventilasjonsanlegg, fasade og platetekking.

Be om pristilbod

Vi bistår deg med:

Ventilasjon    

Dårleg inneklima på jobb eller i eigen heim? Vi bistår med prosjektering og montering av nytt balansert ventilasjonsanlegg, samt reparasjon, vedlikehald og modernisering av eksisterande anlegg. Vi bidreg til å sikre god luftkvalitet, redusere forureining og senke energiforbruket.

Fiberlaser

Vår effektive og moderne fiberlaser skjærer alle metallplater inntil 10mm tjukne. Vi skjærer ut alt frå delar til industri til skreddarsydde husskilt.

Fasadearbeid

Vi utfører fasadearbeid for privatkundar, industri og offentlege bygg. Vi produserar og monterer ei rekke fasaderelaterte produkt som bandtekking, kassettar og plater. Ved behov bestiller vi òg prefabrikkerte produkt som vert forskriftsmessig montert.

Beslagsarbeid og pipehatt

God beskyttelse mot ver og vind krev gode beslag og ein tett pipehatt. Vi produserer etter dine mål og ønsker. Kopar, zink, messing, rustfritt stål og aluminium i alle fargar er døme på plater vi nyttar i vår produksjon.

Takrenne, snøfangar og takstege

Takrenne og nedløp i riktig farge og material kan gi eit løft til einkvar fasade. Vi har eit bredt uvtal og bistår deg gjerne i å finne den beste løysninga for deg.

Som huseigar har du ansvar for sikker adkomst til skorstein og sikre tak mot snøras. Vi monterar godkjente takstegar og snøfangarar.

 

Tak

På tide å fornye taket? Vi utfører fagmessig vasstekking av alle tak. Vi reparerer gamle tak, og monterer nytt. På vår verkstad produserar vi òg takplater og beslag etter ønske og behov.

 

Måling og inspeksjon

Vi har nødvendig kompetanse og utstyr til å bistå med fleire ulike målingar og inspeksjonar. 

Radonmåling, desibelmåling, trykktest, termisk fotografering og inspeksjonar med inspeksjonskamera er noko av det vi kan utføre.

 

 

Godt inneklima?

Visste du at mennesker utan kjente allergier eller overfølsomhet kan bli meir eller mindre sjuke av å opphalde seg i eit dårleg inneklima? Dette betyr at vi i åra som kjem må auke fokuset på å sikre godt inneklima i norske bygg for å forebygge sjukdom, og for at dei som allereie er sjuke ikkje skal få auka sine helseplager.

Vi er stolt medlem av

Ventilasjons- og blikkenslagerbedriftenes landsforbund logo