Familiedreve bedrift sidAn 70-talet

Sidan oppstarten av firmaet på 70-talet har firmaet haldt til på Blakset i Stryn Kommune. Oddvin Kvamme er grunnleggaren av firmaet og han ga i 2011 stafettpinnen vidare til sonen Martin Kvamme som i dag er dagleg leiar.

Kontakt oss Våre tilsette

Ein blikkenslager med blikk for detaljar

Blikkenslager Kvamme AS har bygt seg opp eit godt renommé for sitt dedikerte arbeid ovanfor sine oppdragsgjevarar i distriktet. Etter mange år i bransjen har vi tilknytta oss ei rekke dyktige samarbeidspartnarar innan faget, slik at totalkompetansen mot oppdragsgjevar er ivaretatt på best mogleg måte.

Gjennom mange år i bransjen har vi mykje erfaring og finn gode løysningar innan blikkenslagerarbeid. Vi utfører alt innan blikkenslagerfaget, med hovedfokus på ventilasjon – frå dei minste produksjonar og reparasjonar til større oppdrag innen fasade, platetekking og beslagsarbeid. Vi tek synfaringar og utarbeidar tilstandsrapport.

For å sikre godt utført arbeid nytter vi oss av moderne verktøy og maskiner, og sørger heile tida for å vere oppdatert på det siste av metodar og utstyr innan faget. Vi har ein komplett verkstad med blant anna knekkemaskiner for rask og effektiv produksjon av beslag etter kunden sine spesifikasjonar.

Tillit frå store aktørar

Vi utfører òg større prosjekter for blant anna Loen Skylift, hotell og einebustadar. Saman med vår servicepartner, Villa Vent, leverar vi  serviceavtaler på alt av ventilasjon.

Blikkenslager Kvamme AS er ei godkjent lærebedrift

Blikkenslager er eit spennende handtverksyrke der du utfordrar både kreativitet og problemløysningsevne.

«Blikkenslageren er ein handtverkar som først og fremst jobber med metall. Tynne plater av stål, sink, kopar og aluminium formast så dei får ein funksjon.»

Kontakt oss gjerne ved eventuelle spørsmål om lærlingplass, eller les meir om blikkenslageryrket her.

 

Vi er godkjent servicepartner for Villavent / Systemair

Leiiande leverandør av ventilasjonsutstyr.